Årsmelding 2012

Naustdal 1. mars 2013

ÅRSMELDING FOR MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Drifta av Midtre Naustdal Storvald har i året 2012 stort sett gått etter dei same retningslinjer som tidlegare. Styret har avvikla tre styremøte omframt årsmøtet.

Grunnen til at det ikkje er behov for mange møter er fordi laget opererer med svært små endringar frå år til år basert på den lojalitet som er opparbeida. Drifta er såleis svært stabil.
Det kunne vore eit ønske at ein sentralt i vilt- forvaltninga tok eit fellesinitiativ til å få etablert ei felles jaktside på nett som dekka heile kommunen der kvart storvald fekk sin del for å informere og administrere. Slik løysing ville bli meir rasjonell og betre sikra driftsteknisk for alle som både skal bruke sida eller operere denne. Årsmøtet blir oppfordra til å signalisere syn på dette slik at ein kan fremje dette vidare mot kommune og andre for å få nytta økonomiske ressursar på denne tenesta fordi vi i dag er for einsidig avhengige av eit aldrande datasystem.

Samarbeidet med dei enkelte jaktfelt er tilfredsstullande, sjølv om styreleiar finn det rett å rapportere om at vi framleis er for lite presise med rapporteringar både av skjemasystemet og avgifts- innbetalingar, slik årsmøtet har bestemt tidlegare.
Styret minner om at årsmøtet har vedteke rett til å pålegge ”betalingsbot” for dei som er for seine med innbetaling. Styret har ikkje nytta dette pressmiddelet hittil.

Jaktsesongen i 2012 var ikkje tilfredstillande med omsyn på avskyting slik det var planlagt opp mot tildeling. Resultatet med 95 felte dyr er totalt 25 dyr mindre enn i 2011, som også var eit år der det vart bremsa på avskyting.
Fellingsresultatet i 2012 vart på 64% i høve tildeling og dette er eit stort tilbakefall frå 81% i 2011. Fordelinga av avskytinga er derimot rimeleg bra og vil ikkje medføre behov for justering.

Slik styret tolkar resultatet er det grunn til å drøfte kva grunnen er til redusert avskyting og det siste resualtatet. Det er ikkje direkte indikasjonar på at kondisjon på dyra er redusert. Det ser også ut til at ein har ein stabil stamme med god fordeling etter teljing, men ein sviktart i uttak opp mot plan. Styret registrerer også at vi har hatt ein enkelt vinter for dyra vinteren i 2011 med relativt lite snø, slik at det ikkje burde oppstå kritiske tilstandar for dyra i gjeldande jaktsesong i storvaldet.
Basert på obervasjon er det grunn til å vurdere om ein del av svaret på endra stamme i jaktsesong kan skuldast endra trekkmønster som resultat av kustig foring av stamma gjennom året.
Alternativt kan endra storbukktettleik i det enkelte område medføre endra samling av dyra slik dette har vore normalt tidlegare. Dersom det er redusksjon av storbukk lokalt er det grunn til å skjerpe inn avskytingsreglane det enkelte jaktfelt eller over områder som dekker fleire storvald, heile kommunen eller endå større område. Ein vil truleg sjå sikrare indikasjon etter endå eitt år med jakt.

Den administrative tilstanden i storvaldet er etter styret si vurdering god med godt samarbeid både innad og mot kommune.

Øyvin Mortensbakke

Styreleiar

Årsmelding 2011

Naustdal 19.mars 2012

ÅRSMELDING FOR MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Drifta av Midtre Naustdal Storval har i året 2011 stort sett gått etter dei same retningslinjer som tidlegare. Styret har avvikla fire styremøte omframt årsmøtet.

Grunne til at det ikkje er behov for mange møter er fordi laget opererer med svært små endringar frå år til år.

Samarbeidet med dei enkelte jaktfelt er tilfredsstullande, sjølv om styreleiar finn det rett å rapportere om at det er for slapp oppfølging av rapporteringar både av skjemasystemet og avgifts- innbetalingar.

Styret minner om at årsmøtet har vedteke rett til å pålegge ”betalingsbot” for dei som er for seine med innbetaling. Styret har ikkje nytta dette pressmiddelet hittil, men ser at dette kan bli ein realitet om det ikkje blir betre etterleving av felles reglar.

Styret finn også grunn til å minne om at styret berre forvaltar eigarane sin vilje slik at det faktisk er eigarane sjølve som undergrev eigne reglar.

Jaktsesongen i 2011 var i realiteten svært god med omsyn til avskyting på toppnivå av det ein kan forvente opp mot tildeling. Dette er resultatet trass i at det i ein del jaktfelt vart bremsa i avskytinga på grunn av at ein var redd for at bestanden var svekka grunna to svært vanskelege vintrar i 2009 og 2010.

Slik styret tolkar resultatet er valdet i god kondisjon og har ein stabil stamme med god fordeling. Styret registrerer også at vi har hatt ein enkelt vinter for dyra denne vinteren slik at det ikkje skulle oppstå kritiske tilstandar for dyra i år i vårt område.

Den administrative tilstanden i storvaldet er etter styret si vurdering god med godt samarbeid både innad og mot kommune.

 

Øyvin Mortensbakke

Styreleiar

Årsmelding 2010

ÅRSMELDING  2010

FOR

MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har også i året 2010 vore mest fokusert kring det vi ser på som normal drift.

Styre har avvikla 4 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.

Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet. Det er på sikt behov for ny sideutforming for å ha meir moderne presentasjon, men oppgåva hastar ikkje.

Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.

Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.

Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.

Det blir spennande å sjå korleis  endå ein så hard vinter som vi no er inne i vil slå ut, men vi trur at vårt storvald ikkje vil oppleve stort fråfall på grunn av at det er  granfelt der dyra kan søke skjul.

Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein  stabil god fellingsprosent opp mot det som var målsettinga. Styre ser  på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.

Styret takkar for godt samarbeid i 2010.

Naustdal mars 2011.

 

v/ Øyvin Mortensbakke

Årsmelding 2009

ÅRSMELDING  2009

FOR

MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har også i året 2009 vore mest fokusert kring det vi ser på som normal drift.

Styre har avvikla 4 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.

Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet.

Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.

Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.

Jaktperioden vart også i dette året forlenga og storvaldet sende inn positiv tilbakemelding på denne høyringa slik at løysinga er i samsvar med vårt skriv.

Styre orienterte om dette gjennom heimesida vår og håpar at dette var tilfredsstillande.

Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.

Det blir spennande å sjå korleis ein så hard vinter som vi no er inne i vil slå ut, men vi trur at vårt storvald ikkje vil oppleve stort fråfall på grunn av at det er særs lite snø no.

Styre har indikasjon på at det er hendingar som indikerer ” tjuvjakt” innan storvaldet så vi oppfordrar alle til å halde eit kritisk auge med areala i det enkelte jaktfelt, samt melde til styre om hendingar.

Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein fellingsprosent på 81% opp mot det som var målsettinga. Styre ser  på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.

Styret takkar for godt samarbeid i 2009.

Naustdal mars 2010.

v/ Øyvin Mortensbakke

Årsmelding 2008

 ÅRSMELDING  2008

FOR

MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har i året 2008 vore fokusert kring det vi ser på som normal drift.

Styre har avvikla 5 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.

Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet.

Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.

Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.

Styre arbeider med å få utforma nye og enkle rapportskjema som er ”lettare” datamessig, men meiner at dette burde blir tilpasse på overordna nivå slik at utformingar er tilpassa løysingar for den sentrale forvaltninga. Nye skjema for ”berre oss” er litt lite framtidsretta, derfor meiner styre at dette er ei oppgåve for sentralforvaltninga.

Styret har etter oppdrag frå  årsmøtet 2007 forhandla om vidareføring av den gamle felles- avtala om ettersøkshund med omsyn til felles avtale og betalingsoppgjer. Dette initiativet vart avslutta utan avtale fordi partane var for langt frå kvarandre. Melding om dette samt at den enkelte derfor måtte passe på å ha slik avtale sjølv for å kunne jakte vart lagt ut på heimesida.

Det er føresett at årsmøtet gjer nye føringar opp mot denne saka dersom nytt initiativ skal takast.

Jaktperioden vart også i dette året forlenga – no fram til jul.

Styret orienterte om dette gjennom heimesida vår og håpar at dette var tilfredsstillande.

Vurderinga av denne siste endringa er positiv og at dette har medført auka fleksibilitet i jakta. Vi ser at siste del av perioden ikkje blir særs produktiv på grunn av at det stort sette er helgane som kan nyttast fordi dagane er korte med dagslys. Styre meiner at den nye jakttida er tenleg for alle.

Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.

Styre har indikasjon på at det er hendingar som indikerer ” tjuvjakt” innan storvaldet så vi oppfordrar alle til å halde eit kritisk auge med areala i det enkelte jaktfelt, samt melde til styre om hendingar.

Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein fellingsprosent på 90% opp mot det som var målsettinga. Styre ser  på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.

Styret takkar for godt samarbeid i 2008.

Styre v/ Øyvin Mortensbakke