Vedtekter

Nye vedtekter godkjende i årsmøtet den 31. mars 2008

Vedtekter Midtre Naustdal Storvald

§1 Midtre Naustdal Storvald

Midtre Naustdal storvald er ein samanslutning av rettshavarar som går fram av paragraf 3. Medlemmane har avgrensa ansvar.

§2 Målsetjingar og arbeidsfelt

Valdet skal samle rettshavarane i dei tidlegare valda i område for å forvalte hjorteviltet som ein del av næringsgrunnlaget i landbruket.

Valdet har som overordna mål å forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar ein optimal og vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjøns og alderssamansetning og med passande stammestorleik i høve til leveområde si bereemne (beitetilgong) og skadepress (skog og innmark) for anna verksemd.

Laget skal arbeide med utmarksforvaltning generelt, men med hovudvekt på hjorteforvaltning. Laget skal sikre ei planbasert grunneigarstyrt forvalting, samt gjera fordeling av fellingsløyva mellom medlemmane. Laget skal og vere aktive i arbeide med å auke kompetansen til medlemmane innafor saksområdet.

§3 Avgrensing

Valdet sitt område er avgrensa slik: 02-038 Vatnevatnet, 02-039 Russeneset/Hellenes, 02-089 Helle, 02-086 Einevold/Storelid, 02-088 Andal, 02-090 Slettehaug, 02-092 Øvrebø/Areklett, 02-096 Kringla og Stranda, 02-099 Naustdal, 02-100 Jonstad/Skei, 02-101 Jonstadstølen og 02-102 Hove/Veien.

§4 Medlemskap

Innmelding skjer ved underteikning av innmeldingserklæringa (vedlegg 1). Det skal gå fram av erklæringa kva rettar og plikter som er knytt til medlemsskapet.

Dei tidlegare valda meldar seg inn i storvaldet som jaktfelt og grunneigarane/rettshavarane er medlem gjennom jaktfelta. Einskilde eigedomar kan og melde seg inn i storvaldet anten ved å bli eige jaktfelt eller slutte seg til eksisterande tilgrensande jaktfelt.

Utmelding må skje skriftleg innan 31 Desember til leiaren valdet og gjeld følgjande år. Utmeldt medlem som trekjer sin eigedom ut av valdet kan ikkje gjere krav på part i valdet sitt fond eller andre eigedelar.

§5 Partar

Medlemmane vert tildelt partar i valdet etter teljande areal. Dersom eit sameige er medlem har sameige samla det tal partar som rettane tilseier.

Valdet sitt areal vert sett til 100% og medlemmane skal ha partar etter prosentvis del av total arealet i valdet, og partane vert avrunda til heile tal etter vanlege avruningsreglar.

Partane er fordelt slik:

Namn Telljande areal Partar
02-038 Vatnevatnet

4832

10

02-039 Russeneset/Hellenes

3389

7

02-082 Helle

3890

8

02-086 Einevold/Storelid

4326

9

02-088 Andal

5139

10

02-090 Slettahug

1996

4

02-092 Øvrebø/Areklett

4659

9

02-096 Kringla og Stranda

4824

9

02-099 Naustdal

6040

12

02-100 Jonstad/Skei

3544

7

02-101 Jonstadstølen

2715

5

02-102 Hove/Veien

4916

10

Sum

50270

100

§6 Arbeidsår

Rekneskaps- og arbeidsåret følgjer kalenderåret.

§7 Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast etter innan 31 Mars kvart år. Berre medlemmar har røysterett. Medlem kan verte representer med skriftleg fullmakt som leggjast fram på årsmøtet. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt. Årsmøtet skal kallast inn av styret, innkallinga skal vere skriftleg og skje minst 14 dagar førårsmøtet. Sakliste skal leggjast ved. Saker som medlemmane ønskjer å ta opp på årsmøte må leverast styret innan utgongen av Februar.

Vedtak på årsmøtet vert fatta med vanleg fleirtal blant dei frammøtte med røysterett. Endringar av vedtektene krev 2/3 fleirtal. Unnateke er endringar i vedtektenes §3. Endringar her er ikkje årsmøte sak, men søknad om innmelding eller melding om utmelding skal handsamast av styret. Dersom minst eit medlem krev det skal det nyttast gradert røysting etter partar. Kvar part gjev rett til ei stemme.

Årsmøtet vert leia av styret sin leiar.

Årsmøtet skal:

  • Handsame årsmelding, arbeidsplan for kommande år, rekneskap og budsjett
  • Handsame styret sitt framlegg til bestandsplan, avskytingsplan og reglar for jaktutøvinga
  • Handsame innkomne sakar
  • Velje leiar og styremedlemmar, varamedlemmar og valkomite

Årsmøte kan ikkje fatte bindande vedtak i saker som ikkje er nemnt i innkallinga.

§8 Ekstraordinært årsmøte

Dersom styret eller minst 1/3 av partane krev det skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Innkalling til og sakshandsaming på ekstraordinært årsmøte følgjer same reglar som ordinært årsmøte.

§9 Styret

Valdet vert leia av eit styret på 3 personar . Styreleiar på val kvart år.

Styremedlemane ( 2) er valde for 2 år, og det er føresett at heile styret ikkje blir utskifta samstundes.

Styret kan gjere vedtak når minst halvparten av styret er tilstades. Avstemmingar i styret skjer ved vanleg fleirtal. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær.

Styret skal:

  • Arrangere årsmøte, leggje fram årsmelding og rekneskap samt kome med framlegg til arbeidsplan og budsjett.
  • Arbeide for ei langsiktig og best mogleg viltforvaltning jf. §2
  • Lage framlegg til bestandplan for hjortevilt i valdet med mellom anna

– Framlegg til årleg kvote

– Framlegg til kjønns- og aldersstruktur i jaktuttaket

– Framlegg om lengda på planperioden

– Framlegg om fordeling av jaktkvoten mellom medlemmane med reglar for jaktutøvinga

  • Utarbeide framlegg til avskytingsplan for årsmøte
  • Inngå avskytingsplan med kommunen på grunnlag av årsmøtevedtak
  • Gje god informasjon til medlemmane om faglege spørsmål
  • Gjennomføre tiltak som sikrar auka kompetanse i utmarksforvaltning blant medlemmane
  • Framlegg om storleik på eventuell medlemskontingent
  • Gjennomføre dei vedtak som vert fatta av årsmøtet

Det skal førast protokoll over styret sitt arbeid.

§10 Valkomite/representantar til styret

Kvart jaktfelt vel ein representant til val inn i styret. Og av desse vert det vald leiar og styremedlemmar samt valkomitee beståande av 2 personar på årsmøte.

§11 Økonomi

Midtre Naustdal Storvald er ansvarleg for finansiering av eiga drift. Det skal arbeidst opp mot viltfondet i kommunen i høve til disponering av det kommunale viltfondet.

§12 Oppløysing

Oppløysing av laget kan gjerast med 2/3 fleirtal på ordinært årsmøte dersom halvparten av røystepartane er tilstades. Dersom det møter færre partar, kan laget oppløysast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal blant dei frammøtte. Før oppløysing må alle økonomiske tilhøve vere i ordna, og laget sine eigedelar skal fordelast på medlamma etter partar.

§13 Tvist

Alle tvistar mellom laget og medlemma eller mellom medlemma innbyrdes om tolking og gjennomføring av vedtekter skal avgjørast med bindande verknad for alle partar av ei voldgiftsnemnd på tre medlemmar. Av desse vel medlemme eit medlem kvar. Det siste skal oppnemnast av sorenskrivaren i………………. Vedtak i nemnda skal grunngjevast. Nemnda føl reglane i rettargangslova (Jfr Lov om rettargangsmåten for tvistemål av 13 august 1915 nr 6 kapittel 32)