Tildelingsbrev med generelle reglar om vektgrenser etc.

LØYVETILDELING HJORT ÅR 20XX

Jaktfelt namn;
Jaktfelt kode;

Tildeling;

  • Bukk 1½ år og eldre:
  • Kolle 1½ år og eldre:
  • Kalv:
  • Samla tal løyver:

NB: KVART JAKTFELT FINN SINE TILDELINGAR I EIGA TILDELINGSLISTE SOM ER LAGT UT PÅ HEIMESIDA.  DETTE DOKUMENTET ER EIT FORMALISERT DOKUMENT FOR Å SYSTEMATISERE TILDELINGANE OG FOR Å MINNE OM GRUNNLAGA FOR TILDELING.

Tildelinga føreset at det straks  etter at jakta er slutt blir rapportert resultat til styret ( dato blir gjort kjend på heimesida) .  Fellingsavgift skal betalast til bankkonto 3705 09 32517 og innbetalingane skal tydeleg merkast med jaktfelt og kode. Avgiftsgrunnlaget blir lagt ut på nettsida slik at kvart vald får opplyst kva beløp som skal betalast.

Rapporteringa skal skje på fast rapporteringsskjema/slaktevektskjema.

 

GENERELT

I storvaldet kan det gjerast avtaler om byte av løyver mellom jaktfelta dersom dette syner seg tenneleg for å oppnå eit godt resultat, men styret presiserer at dette krev avtaler mellom dei jaktfelta dette gjeld.

 

STORBUKK.

Styret oppmodar alle jaktfelta om å spare storbukk for å kunne styrke ei sunn utvikling av hjortestamma i storvaldet. Med storbukk meiner vi dyr med 5 greiner eller meir ( på kvar side) og vekt over 70- 80 kg.

 

PRODUKTIVE KOLLER.

Koller skal ikkje skytast frå kalv. Kalv skal alltid fellast før kolle. Styret oppfordrar vidare til at vi sparer på produktive koller og legg vekt på avskyting av ungdyr og skrinne dyr for å heve kvaliteten i hjortestamma i området.

 

SKRAPDYR.

Styret har vedteke at det for sesong 20xx blir vidareført ei ordning med eigen kvote for skrapdyr. Dersom ein skyt unormalt små dyr skal ein kunne tildelast ekstra løyver som kompensasjon og premie for dette. Årsaka til tiltaket er at dette vil føre til betring i hjortestamma generelt og at ein ved sal av løyver ikkje skal påføre kjøparen unødige kostnader eller ulyst til å ta ut desse dyra.

Styret legg til grunn kalvevektgrense på 18 kilo, spissbukk 38 kilo og ungkolle 35 kilo som skrapdyr- definisjon.

For å unngå tvistar er det føresett at to frå styret skal kontrollere vekta på dyret som ein krev definert som skrapdyr. Hovudet på dyret skal også framleggast som dokumentasjon.

 

Styret ynskjer alle jaktfelt og jegarar lukke til med sikker og god jakt!

 

Styreleiar