Årsmelding 2010
ÅRSMELDING 2010
FOR
MIDTRE NAUSTDAL STORVALD
Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har også i året 2010 vore mest fokusert kring det vi ser på som normal drift.
Styre har avvikla 4 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.
Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet. Det er på sikt behov for ny sideutforming for å ha meir moderne presentasjon, men oppgåva hastar ikkje.
Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.
Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.
Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.
Det blir spennande å sjå korleis endå ein så hard vinter som vi no er inne i vil slå ut, men vi trur at vårt storvald ikkje vil oppleve stort fråfall på grunn av at det er granfelt der dyra kan søke skjul.
Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein stabil god fellingsprosent opp mot det som var målsettinga. Styre ser på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.
Styret takkar for godt samarbeid i 2010.
Naustdal mars 2011.
v/ Øyvin Mortensbakke
