Midtre Naustdal Storvald
  • Framsida
  • Aktuelt og referat
    • Aktuelt
    • Rapportar
    • Referat
    • Årsmelding
  • Malar og skjema
    • Sett merka hjort-skjema (PDF)
    • Skyting av GPS-merka hjort (PDF)
    • Slaktevektskjema (PDF)
    • Teljeskjema (vårteljing) (PDF)
    • Tildelingsbrev
  • Vedtekter
  • Eksterne lenkjer
    • Hjorteviltportalen
    • Merkeprosjekt for hjort
    • Miljødirektoratet
    • NJFF Sogn og Fjordane
    • Registrerte jegrar (SSB)
    • Storviltjakt
  • Kontakt
  • Klikk for å åpne søkefeltet Klikk for å åpne søkefeltet Søk
  • Meny Meny

Årsmelding 2009

23. mars 2010/i Årsmelding/av Redaksjonen v/ Jan Støfring

ÅRSMELDING  2009

FOR

MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har også i året 2009 vore mest fokusert kring det vi ser på som normal drift.

Styre har avvikla 4 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.

Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet.

Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.

Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.

Jaktperioden vart også i dette året forlenga og storvaldet sende inn positiv tilbakemelding på denne høyringa slik at løysinga er i samsvar med vårt skriv.

Styre orienterte om dette gjennom heimesida vår og håpar at dette var tilfredsstillande.

Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.

Det blir spennande å sjå korleis ein så hard vinter som vi no er inne i vil slå ut, men vi trur at vårt storvald ikkje vil oppleve stort fråfall på grunn av at det er særs lite snø no.

Styre har indikasjon på at det er hendingar som indikerer ” tjuvjakt” innan storvaldet så vi oppfordrar alle til å halde eit kritisk auge med areala i det enkelte jaktfelt, samt melde til styre om hendingar.

Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein fellingsprosent på 81% opp mot det som var målsettinga. Styre ser  på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.

Styret takkar for godt samarbeid i 2009.

Naustdal mars 2010.

v/ Øyvin Mortensbakke

Del dette innlegget
  • Del på Facebook
  • Del på X
  • Del på WhatsApp
  • Del på Pinterest
  • Del på LinkedIn
  • Del på Tumblr
  • Del på Vk
  • Del på Reddit
  • Del via e-post
https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png 0 0 Redaksjonen v/ Jan Støfring https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png Redaksjonen v/ Jan Støfring2010-03-23 12:32:382010-03-23 12:32:38Årsmelding 2009

Midtre Naustdal Storvald

Dette er nettstaden for alle med interesse for hjortejakt i Naustdal. Her finn du aktuelle saker, referat, retningsliner, informasjon om jakt og kvotar m.m.

Søk

Search Search

Arkiv – alle innlegg

Arkiv – kategoriar

Epost: jan.stofring@enivest.net © 2019 Midtre Naustdal Storvald. All Rights Reserved.

Nettstaden er utvikla av Mediebruket
Lenke til: Resultat av 2009 jakta – Fellingsrapport. Lenke til: Resultat av 2009 jakta – Fellingsrapport. Resultat av 2009 jakta – Fellingsrapport. Lenke til: Årsmøtereferat 2010 Lenke til: Årsmøtereferat 2010 Årsmøtereferat 2010
Rull til toppen Rull til toppen Rull til toppen