Årsmøtereferat 2010

Årsmøte i Midtre Naustdal storvald den 25.03 2010

Stad: Kommunestyresalen.

Leiar i styret Øyvin Mortensbakke ønskte velkomen til møtet.

Årsmøtet behandla desse sakene:

Konstituering:

Val av ordstyrar ;  Øyvin Mortensbakke.

Val av referent: Viggo Leikanger

Val av to til å skrive under møteprotokollen: Halvard Leikanger og Arvid Andal.

Saker:

Årsmelding:

Leiaren las opp årsmelding. Styret er stort sett tilfreds med arbeidet i valdet, og kontakten med jaktfelta. Av meir spesielle ting som vart nemt er at her har vore mistanke om tjuvjakt enkelte plassar. Litt debatt om dette.

Årsmeldinga vart godkjent.

Rekneskap:

Oddbjørn Schei la fram rekneskapen for 2009. Førebels viste dette eit underskot på 1350 kroner. Det er venta eit forseinka tilskot frå kommunen sitt viltfond, slik at det kjem i pluss.

Rekneskapen vart godkjent.

Jan Bjarte Skrøppa frå politiet møtte og orienterte om politiet si rolle som jaktoppsyn. Tema han var innom: Jaktoppsyn, finansiering, måneskinsjakt, generell jaktmoral, haldningar. Vi bør senke lista for å ringe om det er noko vi skulle ha varsla om.

Dei frammøtte nytte kaffi og kringle under denne økta…

Fellingsstatistikk for jakta og ny tildeling:

Jan Støfring presenterte fellingsstatistikken for jakta 2009. Diskusjon rundt fellingstal og tildelingstal. Vi går inn i siste året av treårsplanen. Styret la fram plan om tildeling av 167 løyve.

Fellingsplanen vart samrøystes vedtatt.

Malones presenterte fellingsstatistikk for heile kommunen. Total fellingsprosent for kommunen var for 2009 på 85,7prosent. Det ligg i landstoppen for mengde hjort i forhold til areal.

Hjorteteljing vår 2010 blir 3. april 1. mai og 22. mai. Same datoar som i fjor.

Val:

Valnemda la fram forslag til nytt styre.

Leiar Øyvin Mortensbakke, attvald samrøystes.

Jan Støfring, attvald samrøystes.

Oddbjørn Schei var ikkje på val.

Varamedlemer:

Olaus Jonstad og Hallvar Einevoll, attvald samrøystes.

Ny valnemd:

Jan Hove som leiar og Halvard Leikanger.