Midtre Naustdal Storvald
  • Framsida
  • Aktuelt og referat
    • Aktuelt
    • Rapportar
    • Referat
    • Årsmelding
  • Malar og skjema
    • Sett merka hjort-skjema (PDF)
    • Skyting av GPS-merka hjort (PDF)
    • Slaktevektskjema (PDF)
    • Teljeskjema (vårteljing) (PDF)
    • Tildelingsbrev
  • Vedtekter
  • Eksterne lenkjer
    • Hjorteviltportalen
    • Merkeprosjekt for hjort
    • Miljødirektoratet
    • NJFF Sogn og Fjordane
    • Registrerte jegrar (SSB)
    • Storviltjakt
  • Kontakt
  • Klikk for å åpne søkefeltet Klikk for å åpne søkefeltet Søk
  • Meny Meny

Årsmelding 2008

25. mars 2009/i Årsmelding/av Redaksjonen v/ Jan Støfring

 ÅRSMELDING  2008

FOR

MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Styrearbeidet i Midtre Naustdal Storvald har i året 2008 vore fokusert kring det vi ser på som normal drift.

Styre har avvikla 5 møter i perioden samt nytta ein del telefonkontakt for å avklare løpande spørsmål.

Styret har vidareført arbeidet med å nytte heimesida vår som kommunikasjon mot alle jaktfelt i storvaldet.

Styret er særs tilfreds med måten dei ansvarlege for det enkelte jaktfelt har kommunisert på og korleis vi har klart å gjennomføre både kommunikasjon og betaling av avgifter osv.

Vi vil håpe at dei enkelte jaktfeltansvarlege også ser på denne løysinga som tilfredsstillande, sjølv om vi også ser at ein del av skjemaveldet har ein noko gammaldags utforming.

Styre arbeider med å få utforma nye og enkle rapportskjema som er ”lettare” datamessig, men meiner at dette burde blir tilpasse på overordna nivå slik at utformingar er tilpassa løysingar for den sentrale forvaltninga. Nye skjema for ”berre oss” er litt lite framtidsretta, derfor meiner styre at dette er ei oppgåve for sentralforvaltninga.

Styret har etter oppdrag frå  årsmøtet 2007 forhandla om vidareføring av den gamle felles- avtala om ettersøkshund med omsyn til felles avtale og betalingsoppgjer. Dette initiativet vart avslutta utan avtale fordi partane var for langt frå kvarandre. Melding om dette samt at den enkelte derfor måtte passe på å ha slik avtale sjølv for å kunne jakte vart lagt ut på heimesida.

Det er føresett at årsmøtet gjer nye føringar opp mot denne saka dersom nytt initiativ skal takast.

Jaktperioden vart også i dette året forlenga – no fram til jul.

Styret orienterte om dette gjennom heimesida vår og håpar at dette var tilfredsstillande.

Vurderinga av denne siste endringa er positiv og at dette har medført auka fleksibilitet i jakta. Vi ser at siste del av perioden ikkje blir særs produktiv på grunn av at det stort sette er helgane som kan nyttast fordi dagane er korte med dagslys. Styre meiner at den nye jakttida er tenleg for alle.

Bestandssituasjonen i valdet er etter styret si meining god. Valdet har eit godt bestands- grunnlag med friske dyr med god kondisjon. Dei dyr som er små (skrap) er truleg resultat av fråskyting av mor, noko som vi er sterkt imot og som strir mot våre fellingsreglar.

Styre har indikasjon på at det er hendingar som indikerer ” tjuvjakt” innan storvaldet så vi oppfordrar alle til å halde eit kritisk auge med areala i det enkelte jaktfelt, samt melde til styre om hendingar.

Resultatet av jakta var stort sett tilfredsstillande med ein fellingsprosent på 90% opp mot det som var målsettinga. Styre ser  på resultatet som tilfredsstillande, men er litt undrande til at det ikkje er fleire som nytta høvet til å ta ut større kvote basert på vårt vedtak om å tillate ein fleksibel post på 20% ut over tildelinga.

Styret takkar for godt samarbeid i 2008.

Styre v/ Øyvin Mortensbakke

Del dette innlegget
  • Del på Facebook
  • Del på X
  • Del på WhatsApp
  • Del på Pinterest
  • Del på LinkedIn
  • Del på Tumblr
  • Del på Vk
  • Del på Reddit
  • Del via e-post
https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png 0 0 Redaksjonen v/ Jan Støfring https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png Redaksjonen v/ Jan Støfring2009-03-25 12:41:452009-03-25 12:41:45Årsmelding 2008

Midtre Naustdal Storvald

Dette er nettstaden for alle med interesse for hjortejakt i Naustdal. Her finn du aktuelle saker, referat, retningsliner, informasjon om jakt og kvotar m.m.

Søk

Search Search

Arkiv – alle innlegg

Arkiv – kategoriar

Epost: jan.stofring@enivest.net © 2019 Midtre Naustdal Storvald. All Rights Reserved.

Nettstaden er utvikla av Mediebruket
Lenke til: Planlagd avskyting i 2009 Lenke til: Planlagd avskyting i 2009 Planlagd avskyting i 2009 Lenke til: Teljeresultat 2009 Lenke til: Teljeresultat 2009 Teljeresultat 2009
Rull til toppen Rull til toppen Rull til toppen