Oppfordring til avskyting av merka hodyr med kalv
NB: IKKJE SKYT MERKA BUKK SOM OGSÅ ER I VÅRT OMRÅDE! (sjå kartadresse i artikkel)
Leiinga i sorvaldet oppfordrar dei jaktfelt som har att kolle med kalv i sin kvote til å felle merka kolle dersom ein ser slik i sitt vald
Dersom ein klarer å felle nemnde dyr er det føresett at kalv blir avskoten før kolle, og ved slik felling er det føresett at ein tek kontakt med ein av dei i styre eller med Malones på Naustdal kommune.
PÅ grunn av at dette er avskyting for forsking er det viktig at ein kontaktar nemmde personar snarast fordi vi må sikre diverse prøver av avføring, hår samt at det skal sikrast andre prøver. Vidare er det føresett eit omfattande rapporteringsarbeid som vi vil gjennomføre .
Vi ber alle jaktfelt prøve å støtte oss i denne oppgåva.
Dersom du vil sjå det siste frå korleis dyra i vårt område ferdast så gå inn på denne lenka;http://webgis.no/SognHjort/
God jakt.
