Referat frå styremøte 11. desember 2007

REFERAT FRÅ STYREMØTE DEN 11. DESEMBER 2007

Styre vil få takke alle jaktfelt med god respons på kravet om tilbakemelding til oss innan frist. Vi håpar at felta også er like dyktige med gjennomføring av neste ledd som er å foreta innbetaling av fellingsavgift og avgift for ettersøkshund.

Som kjent frå tidlegare, og i samsvar med vedtak i årsmøte, vart det oppretta felles avtale for heile storvaldet for ettersøkshund. For å få litt meir rettferd i belastninga er det vedteke å belaste kvart felt løyve med ei avgift på kr 81,40,- basert på denne avtala.

Vidare er det berekna avgift for felte dyr etter mal med kalveagift på kr. 180,- og avgift for vaksne dyr på kr. 300,-.

Vi har saman med innmeldingane frå det enkelte felt lagt inn avgiftsberekningane slik at det no berre er å sørge for innbetaling av den gjeldande totalsum for det enkelete felt. Klage på avgiftsberekninga må takast direkte med leiar Steinar Anda innan fristen.

Innbetaling skal skje til bankkonto 3705 09 32517 innan 31. desember 2007.

NB: Innbetalinga må tydeleg merkast med jaktfeltnummer.

Det ville også lette vårt arbeid om kvart jaktfelt også melder betalt krav gjennom e-post.

NB: Vi minner om vedtak i årsmøte der det blir lagt til grunn straffegebyr ved for sein betaling og oppfordrar alle til å overhalde tida slik at vi unngår dette. Straffegebyr er til bry for alle partar og styre håpar derfor at alle gjer sitt beste for å få betalinga i orden innan fristen.

Vi syner til samleoversyn for storvaldet for jaktåret 2007 og meiner at dette er prov på at dei reguleringstiltak som vart sette ut i livet tufta på vedtaket gjort ev grunneigarane i årsmøtet er etterlevd utan lyte. Styre ser det som positivt at forvaltningsreguleringa i storvaldet er etterlevd så godt, og meiner at dette legg grunnlaget for å utarbeide ei forvaltningsplan basert på fakta der vi alt har dokumentert evne og vilje til etterleving av felles reglar.

Styre er i gang med planlegging av eit arbeid med å lage ny forvaltningsplan for området. Denne gongen skal plana ha ei levetid på 5 år ( 2008-2012 (trur eg)). Det er styre si målsetting at denne plana skal leggast fram for årsmøtet i storvaldet første halvår 2008. Dette betyr igjen at vi har eit stort arbeid framfor oss, men kan love at vi vil prøve å halde alle i storvaldet orientert ved at vi brukar heimesida aktivt til informasjon.

Det blir derfor viktig at den enkelte tittar innom sida slik at dei held seg oppdater, samt at det kan blir spørsmål om å bruke sida som høyringsportal i arbeidet.

Styre vil takke alle for eit år med godt samarbeid og ynskjer alle

God Jul og Godt Nytt År.

Styre

v/ Steinar Andal