Årsmøtereferat 2008

Årsmøte i Midtre Naustdal Storvald.

Dato 31.03.2008 kl 1900 Stad: Kommunehuset.

Konstituering:

Namneopprop: Tal frammøtte 16 totalt.

Godkjenning av innkalling: Innkallinga vart godkjent.

Val av møteleiar og referent. Steinar Andal -møteleiar. Viggo Leikanger – referent.

To til å underskrive protokollen : Olaus Jonstad og Magnus Øvrebø.

Årsmelding

Steinar Andal las opp årsmelding.

Rekneskap

Jan Hove gjekk igjennom rekneskapen. Der er veldig få bilag, mindre enn 10. Det er difor ikkje hyra inn nokon revisor .

Rekneskapen vart godkjent av årsmøtet .

Bestandsplan.

Jan Støfring gjekk igjennom framlegg til ny bestandsplan for perioden 2008-2010.

Ulike emne vart drøfta.

Forslag til tildelingsskisse for jakta 2008 vart også presentert.

Årsmøtet godkjente bestandsplanen slik den var framlagt.

Vedtekter

Framlegg til oppdaterte vedtekter i paragraf 5 der partane er justert etter oppdatert kartareal for dei ulike jaktfelta jmfr digitale kart til kommunen.

Forslaget vart godkjent.

 

Hundeskatt betalingsrutiner.

Styret ba om tilbakemelding om fjorårets rutiner var ok. Det var delte meiningar om det var rett å betale hundeskatt i ettertid for antal felte dyr, eller om det skulle betalast på førehand.

Avstemming:

Skal styret fortsette å administrere ordninga med hundeskatt: 7 var for dette.

Oppretthalde dagens ordning: 4

Gå tilbake til gamal ordning 70kr per tildelt løyve: 5

Val

Olav Erdal la fram framlegg til nytt styre:

Leiar:    Øyvin Mortensbakke

Styremedlem     Jan Hove (ikkje på val i år)

Styremedlem     Jan Støfring (veljast for to år)

Varamedlemmer Olaus Jonstad og Hallvard Einevoll

Valnemnd 2009 Steinar Andal og Magne Naustdalslid

Det var ingen andre framlegg til kandidatar. Heile styret vart vald ved akklamasjon.

Ymse:   – Metodar ved valnemndas arbeid. Drøfting.

– Vårteljing. Henning Malones føreslo å få til ei vårteljing i heile kommunen. Forslag: Midten av april 20. Pluss 10. mai. Tidspunkt 2200-2400.

Møtet  slutt 2155                       Referent Viggo  Leikanger.

Magnus Øvrebø                                                                        Olaus Jonstad