Årsmøtet 26. mars – Coronatiltak

Hei alle På grunn av den spesielle tilstand i samband med utbrot av coronavirus er det lagt opp til ein del tiltak for å hindre smitte. Det blir bede om at alle som vil delta på møtet melder til leiar i god tid slik at vi kan tilpasse møterom slik at vi ikkje får auka […]

Saksdokument for årsmøtet 26. mars kl 20:00

NB: Trykk på «les meir» for å få sjå alle vedlegg etc.   Vedlagt i denne saka ligg alle dokument for årsmøtet. Saka om » Ny forvaltningsplan» er sendt ut tidlegare under eiga sak, men er også sak for godkjenning i årsmøtet. Kvar enkelt må sjå gjennom saksdokumenta slik at ein er kjende med innhald. […]

Forvaltningsplan 2020-2022: Utkast til plan for årsmøtet

Styret legg med dette fram ny forvaltningsplan for 2020, 2021 og 2022. Plana skal handsamast som eiga sak i årsmøtet slik kravet er i vedtekter. Andre saker til årsmøtet blir publisert innan kort tid. ( Trykk på «les meir» for å finne dokumentet. Bestandsplan 2020-2010 og 2022 (1) Styret

Innkalling; Årsmøte i Midtre Naustdal Storvald den 26. mars kl 20:00, Kommunehuset

Styret kallar inn til årsmøte i storvaldet i samsvar med reglar i vedtektene. Det er lagt ved innkalling med sakliste. Det blir innan kort tid lagt ut fleire dokument slik det er gjort merknad om i saklista. Den enkelte må halde seg oppdatert gjennom heimesida. Innkalling årsmøte-2020 Styret

Fellingsrapport og grunnlag for innbetaling av fellingsavgift 2019.

Fellingsrapport for 2019 er no klargjort.  (NB: Pass på å trykke på «les meir» for å sjå all informasjon og tabell) Som vanleg er det saman med denne rapporten ei kolonne med kva beløp det enkelte jaktfelt skal betale i fellingsavgifter. Vi ber om at beløpa blir innbetalt til storvaldet sin konto 3705.09.32517 innan vedteken […]

Arbeid med sentral rapportering i gang

Arbeidet med å utarbeide oppdaterte lister og fellingsdata er i gang. Dersom nokon har gløymt ting å rapportere må dei gje direkte melding til leiar Jan Hove slik at det ikkje blir tull inn mot våre grunnlag som er nytta datert 16.01.2020. Styret

Påminning om rapportering for jakta 2019. Endeleg frist 15. Januar 2020

Det blir med dette minna om at kvart jaktfelt skal rapportere komplette jaktdata gjennom jaktportalen. Det blir minna om at også vekter på skutte dyr skal registrast, og mangel av dette hindrar sluttføring og medfører at rapport for jaktfeltet blir underkjent. Den endelege frist for rapporteringa er sett til 15. januar 2020 i samsvar med […]

Settogskutt og bruk av app til registrering av data.

Bruka av eigen app for innlegging av data i «settogskutt» kan brukast no utan feil slik vi ser testen. Vi minner om at det er utvikla ein eigen «app» for mobilar som no ser ut til å fungere rimeleg bra. Dette gjer at det blir lettare og enklare å leve opp til kravet om «fortløpande […]

Plattform på heimesida vår er endra

Til informasjon for alle brukarar så er det no gjennomført ei endring av heimesida vår for å auke sikkerheita på sida. Vi er flytta til ny og betre plattform som er meir robust for framtidige endringar. For brukaren er det lite eller ingen endringar som er av betydning. Det nærmar seg jakttid,  så styret nyttar […]