Årsmøtereferat 2006

Referat: Årsmøte i for Midtre Naustdal Storvald

Dato: 15.06.2006    kl1930

Stad: Kommunestyresalen i Naustdal

Opning:

Val av ordstyrar: Jan Hove

Val av referent: Viggo Leikanger

Val at to personar til å lese igjennom protokollen og underskrive denne før utsending: Jan Hove og Steinar Andal.

Saker:

  1. Rutiner for innbetaling av avgift til Ettersøksringen. Drøfting av rutiner rundt dette. Vedtak: Det nye styret får i oppgåve å avklare ny avtale medettersøksringen.
  2. Bruk av epost – informasjonsflyt i storvaldet:

Det vart drøfta om ein skulle prøve å nytte meir elektronisk postgang ved utsending av innkallingar til møte og anna informasjon, for å forenkle arbeidet til styret. Også ei nettside til felles informasjon vart også føreslege som tiltak. Det nye styre vil arbeide meir med dette. Jaktfeltleiarane vert oppfordra til å sende inn sine eigne og flest mogeleg av dei andre i jaktfelta sineepostadresser.

  1. Fellingsavgift: Det er for dårlege rutiner for innbetaling av fellingsavgifta. Einbør prøve å få inn avgifta tidlegare enn dagens praksis.
  2. Avskytingsplan for 2006: Jan hove orienterte om fjordårets jaktresultat og statistikk. Det vart einigheit om å vidareføre dagens avskytingsplan. Ogsåvidareføre ordninga med ekstrakvote ved felling av ”skrapdyr”.
  3. Orientering om hjorteprosjektet til Sogn og fjordane Skogeigarlag: Merkeprosjektet; her vart det oppfordra til ikkje å skyte merka dyr. Det var også orientert om trekkmønsteret til dei merka dyra. Her ser ein mellom anna at koller som har vore merka ,og som trekker ut av området, trekkjer ofte tilbake til sitt oprinnelege oppvekstområde.

Det vart vidare ei orientering om ”Sett hjort” og reglar rundt ordninga med utvida jakt-tider. Her kjem det nye reglar til hausten. Høyringsforslag kjem i løpet av sommaren.

  1. Val av styre: Valnemda ved Kåre Russenes og Oddbjørn Skei la fram forslag til nytt styre:

Leiar:   Steinar Andal

Styremedlemer: Jan Hove og Jan Støfring

            Varamedlemer: Olaus Jonstad og Hallvard Einevoll

           

            Heile styret vart einstemmig vald med akklamasjon.

Møtet slutt kl2055

Referent Viggo Leikanger

Referatet er lese igjennom og godkjent:

Steinar Andal   sign.                                                    Jan Hove sign.