Midtre Naustdal Storvald
  • Framsida
  • Aktuelt og referat
    • Aktuelt
    • Rapportar
    • Referat
    • Årsmelding
  • Malar og skjema
    • Sett merka hjort-skjema (PDF)
    • Skyting av GPS-merka hjort (PDF)
    • Slaktevektskjema (PDF)
    • Teljeskjema (vårteljing) (PDF)
    • Tildelingsbrev
  • Vedtekter
  • Eksterne lenkjer
    • Hjorteviltportalen
    • Merkeprosjekt for hjort
    • Miljødirektoratet
    • NJFF Sogn og Fjordane
    • Registrerte jegrar (SSB)
    • Storviltjakt
  • Kontakt
  • Klikk for å åpne søkefeltet Klikk for å åpne søkefeltet Søk
  • Meny Meny

Årsmelding 2012

1. mars 2013/i Årsmelding/av Redaksjonen v/ Jan Støfring

Naustdal 1. mars 2013

ÅRSMELDING FOR MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Drifta av Midtre Naustdal Storvald har i året 2012 stort sett gått etter dei same retningslinjer som tidlegare. Styret har avvikla tre styremøte omframt årsmøtet.

Grunnen til at det ikkje er behov for mange møter er fordi laget opererer med svært små endringar frå år til år basert på den lojalitet som er opparbeida. Drifta er såleis svært stabil.
Det kunne vore eit ønske at ein sentralt i vilt- forvaltninga tok eit fellesinitiativ til å få etablert ei felles jaktside på nett som dekka heile kommunen der kvart storvald fekk sin del for å informere og administrere. Slik løysing ville bli meir rasjonell og betre sikra driftsteknisk for alle som både skal bruke sida eller operere denne. Årsmøtet blir oppfordra til å signalisere syn på dette slik at ein kan fremje dette vidare mot kommune og andre for å få nytta økonomiske ressursar på denne tenesta fordi vi i dag er for einsidig avhengige av eit aldrande datasystem.

Samarbeidet med dei enkelte jaktfelt er tilfredsstullande, sjølv om styreleiar finn det rett å rapportere om at vi framleis er for lite presise med rapporteringar både av skjemasystemet og avgifts- innbetalingar, slik årsmøtet har bestemt tidlegare.
Styret minner om at årsmøtet har vedteke rett til å pålegge ”betalingsbot” for dei som er for seine med innbetaling. Styret har ikkje nytta dette pressmiddelet hittil.

Jaktsesongen i 2012 var ikkje tilfredstillande med omsyn på avskyting slik det var planlagt opp mot tildeling. Resultatet med 95 felte dyr er totalt 25 dyr mindre enn i 2011, som også var eit år der det vart bremsa på avskyting.
Fellingsresultatet i 2012 vart på 64% i høve tildeling og dette er eit stort tilbakefall frå 81% i 2011. Fordelinga av avskytinga er derimot rimeleg bra og vil ikkje medføre behov for justering.

Slik styret tolkar resultatet er det grunn til å drøfte kva grunnen er til redusert avskyting og det siste resualtatet. Det er ikkje direkte indikasjonar på at kondisjon på dyra er redusert. Det ser også ut til at ein har ein stabil stamme med god fordeling etter teljing, men ein sviktart i uttak opp mot plan. Styret registrerer også at vi har hatt ein enkelt vinter for dyra vinteren i 2011 med relativt lite snø, slik at det ikkje burde oppstå kritiske tilstandar for dyra i gjeldande jaktsesong i storvaldet.
Basert på obervasjon er det grunn til å vurdere om ein del av svaret på endra stamme i jaktsesong kan skuldast endra trekkmønster som resultat av kustig foring av stamma gjennom året.
Alternativt kan endra storbukktettleik i det enkelte område medføre endra samling av dyra slik dette har vore normalt tidlegare. Dersom det er redusksjon av storbukk lokalt er det grunn til å skjerpe inn avskytingsreglane det enkelte jaktfelt eller over områder som dekker fleire storvald, heile kommunen eller endå større område. Ein vil truleg sjå sikrare indikasjon etter endå eitt år med jakt.

Den administrative tilstanden i storvaldet er etter styret si vurdering god med godt samarbeid både innad og mot kommune.

Øyvin Mortensbakke

Styreleiar

Del dette innlegget
  • Del på Facebook
  • Del på X
  • Del på WhatsApp
  • Del på Pinterest
  • Del på LinkedIn
  • Del på Tumblr
  • Del på Vk
  • Del på Reddit
  • Del via e-post
https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png 0 0 Redaksjonen v/ Jan Støfring https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png Redaksjonen v/ Jan Støfring2013-03-01 22:14:012013-03-01 22:14:01Årsmelding 2012

Midtre Naustdal Storvald

Dette er nettstaden for alle med interesse for hjortejakt i Naustdal. Her finn du aktuelle saker, referat, retningsliner, informasjon om jakt og kvotar m.m.

Søk

Search Search

Arkiv – alle innlegg

Arkiv – kategoriar

Epost: jan.stofring@enivest.net © 2019 Midtre Naustdal Storvald. All Rights Reserved.

Nettstaden er utvikla av Mediebruket
Lenke til: Resultat av vårteljinga 2012 Lenke til: Resultat av vårteljinga 2012 Resultat av vårteljinga 2012 Lenke til: Vårteljing av hjort 2013 den 3. april, 1. mai og 22. mai kl 22:00- 24:00 Lenke til: Vårteljing av hjort 2013 den 3. april, 1. mai og 22. mai kl 22:00- 24:00 Hjort i motlysVårteljing av hjort 2013 den 3. april, 1. mai og 22. mai kl 22:00- 24:00
Rull til toppen Rull til toppen Rull til toppen