Rapportering ved jaktslutt 2018- repporteringsfrist 15. januar 2019
No når jakta blir avslutta minner styret om at alle jaktfelt skal gjennomføre avsluttande registrering i portalen «Settogskutt» innan 15. januar 2019.
Dette er i samsvar med krava i tildelingsbrev og etter dei føringar årsmøtet har gjort.
Ved avslutning i portalen må ein sikre at alle slaktevekter er oppgjevne. Dette gjeld også for dyr som er definerte som «skrapdyr». PS: Det vil stå ein merknad i jaktportalen når ein er ferdig med rapportering korrekt slik at den som er rapporteringsansvarleg (leiar av jaktfeltet) kan sjå at ein er ferdig. ( Står melding like under namn på jaktfeltet).
Styret vil nytte data frå denne portalen til å lage samla oversyn over krav til innbetaling av fellingsavgifter for det enkelte jaktfelt. Arbeid med dette startar så snart frist for rapportering over. Frist for innbetaling blir opplyst i kravdokumentet som ein legg ut på denne heimesida. Det enkelte jaktfelt må følge med for å sikre seg at ein betaler innan frist fordi vi so lag må betale vidare også innan frist.
God Jul
&
Godt Nytt År
Styret
