Påminning for jakta 2018
På grunn av auka fokus på skrantesjuke ( CWD) skal det takast prøve av alle vaksne dyr( dette betyr alle dyr som ikkje ligg under tildeling som «ungdyr»).
Dersom ein er usikker er det ikkje problem om ein sender inn prøve for dyr som er yngre.
Jaktfelta var invitert til informasjonsmøtet om CWD den 23. august slik at ein går ut frå at det er tilstrekkeleg med informasjon ute i det enkelte jaktfelt.
» Prøvepakkar» er utdelt og kan også skaffast av kommunen dersom ein manglar. Leiarar av det enkelte jaktfelt er ansvarleg for organiseringa.
Det er sentralt at vi frå starten av jakta lojalt nyttar registrering i «settogskutt.no» generelt med «fortløpande registrering». Dette er også krav i tildeling og godkjend forvaltningsplan.
Alle skal også nyttar denne registringa av data ( settogskutt.no) for registrering av innsende prøver av felte vaksne dyr.Dette er den knytinga datamessig der prøvenummer på innsendinga ( klistrelappen med strekkode for prøveglaset) blir knytt til det gjeldande dyr, og som må etablerast for å få systemet til å fungere.
Leiar av det enkelte jaktfelt er ansvarleg koordinator for at prosedyra blir etterlevd.
Generelt må vi ikkje la oss avskrekke av prøvesystemet og behovet som vi håpar vil syne at vår hjortestamme er frisk og utan problem.
Vi ønske alle god jakt.
Helsing
Styret
