FELLINGSRAPPORT 2017 MED KRAV OM FELLINGSAVGIFT
Styret legg med dette fram ferdig reistreringsresultat i form av fellingsrapport 2017 for Midtre Naustdal Storvald.
Resultatet er historisk bra opp mot målsetting med avskytinga. Vi har vi eit resultat på 84%. Det er også svært gode resultat opp mot fordeling av avskyting av dei ulike grupper dyr. Midtre Naustdal Storvald leverer eit resultat som er heilt i samsvar med krava.
Styret takkar alle jegarar og jaktfelt om god etterlevnad av krava i tildelingsbrevet.
Styret takkar også alle for svært lojal oppføling av rapportering der vi kan melde om 100% registrering og sluttføring innan vår frist 15. januar. Dersom ein ser feil må dette meldast om til oss i styret samt at registreringa i settogskutt.no må samsvare.
PS: Det er gjort nye oppdateringar 1. februar 2018 grunna manglande data ved utløpet av frist. Fellingsprosent er no oppe i heile 89 % ved 131 dyr i avskyting.
Fellingsavgift som er oppført i tabellen med fellingsrapport og skal betalast inn til bankkonto 3705.09.32517. Betalingsfrist er 5. februar 2018.
