Midtre Naustdal Storvald
  • Framsida
  • Aktuelt og referat
    • Aktuelt
    • Rapportar
    • Referat
    • Årsmelding
  • Malar og skjema
    • Sett merka hjort-skjema (PDF)
    • Skyting av GPS-merka hjort (PDF)
    • Slaktevektskjema (PDF)
    • Teljeskjema (vårteljing) (PDF)
    • Tildelingsbrev
  • Vedtekter
  • Eksterne lenkjer
    • Hjorteviltportalen
    • Merkeprosjekt for hjort
    • Miljødirektoratet
    • NJFF Sogn og Fjordane
    • Registrerte jegrar (SSB)
    • Storviltjakt
  • Kontakt
  • Klikk for å åpne søkefeltet Klikk for å åpne søkefeltet Søk
  • Meny Meny

Årsmelding 2011

19. mars 2012/i Årsmelding/av Redaksjonen v/ Jan Støfring
Udramatisk jaktår i storvaldet

Naustdal 19.mars 2012

ÅRSMELDING FOR MIDTRE NAUSTDAL STORVALD

Drifta av Midtre Naustdal Storval har i året 2011 stort sett gått etter dei same retningslinjer som tidlegare. Styret har avvikla fire styremøte omframt årsmøtet.

Grunne til at det ikkje er behov for mange møter er fordi laget opererer med svært små endringar frå år til år.

Samarbeidet med dei enkelte jaktfelt er tilfredsstullande, sjølv om styreleiar finn det rett å rapportere om at det er for slapp oppfølging av rapporteringar både av skjemasystemet og avgifts- innbetalingar.

Styret minner om at årsmøtet har vedteke rett til å pålegge ”betalingsbot” for dei som er for seine med innbetaling. Styret har ikkje nytta dette pressmiddelet hittil, men ser at dette kan bli ein realitet om det ikkje blir betre etterleving av felles reglar.

Styret finn også grunn til å minne om at styret berre forvaltar eigarane sin vilje slik at det faktisk er eigarane sjølve som undergrev eigne reglar.

Jaktsesongen i 2011 var i realiteten svært god med omsyn til avskyting på toppnivå av det ein kan forvente opp mot tildeling. Dette er resultatet trass i at det i ein del jaktfelt vart bremsa i avskytinga på grunn av at ein var redd for at bestanden var svekka grunna to svært vanskelege vintrar i 2009 og 2010.

Slik styret tolkar resultatet er valdet i god kondisjon og har ein stabil stamme med god fordeling. Styret registrerer også at vi har hatt ein enkelt vinter for dyra denne vinteren slik at det ikkje skulle oppstå kritiske tilstandar for dyra i år i vårt område.

Den administrative tilstanden i storvaldet er etter styret si vurdering god med godt samarbeid både innad og mot kommune.

 

Øyvin Mortensbakke

Styreleiar

Del dette innlegget
  • Del på Facebook
  • Del på X
  • Del på WhatsApp
  • Del på Pinterest
  • Del på LinkedIn
  • Del på Tumblr
  • Del på Vk
  • Del på Reddit
  • Del via e-post
https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png 0 0 Redaksjonen v/ Jan Støfring https://www.naustdalshjort.org/wp-content/uploads/2019/07/midtre-naustdal-storvald-kvit.png Redaksjonen v/ Jan Støfring2012-03-19 12:12:432012-03-19 12:12:43Årsmelding 2011

Midtre Naustdal Storvald

Dette er nettstaden for alle med interesse for hjortejakt i Naustdal. Her finn du aktuelle saker, referat, retningsliner, informasjon om jakt og kvotar m.m.

Søk

Search Search

Arkiv – alle innlegg

Arkiv – kategoriar

Epost: jan.stofring@enivest.net © 2019 Midtre Naustdal Storvald. All Rights Reserved.

Nettstaden er utvikla av Mediebruket
Lenke til: Resultatet av teljing 2011 Lenke til: Resultatet av teljing 2011 Resultatet av teljing 2011 Lenke til: Årsmøtereferat 2012 Lenke til: Årsmøtereferat 2012 Årsmøtereferat 2012
Rull til toppen Rull til toppen Rull til toppen