NB; Ny påminning om registrering i «Settogskutt.no»
PÅMINNNG OM OBLIGATORISK KRAV OM FORTLØPANDE REGISTRERING I «SETTOSKUTT.NO»
Styret minner kvar enkelt leiar av jaktfelta om at det skal gjerast registrering i «Settogskutt.no» fortløpande. Dette arbeidet må det einskilde jaktfelt no syte for blir gjennomført fortløpande. Vi understrekar at dette er den einaste plattforma for rapportering no ( Papirversjon skal ikkje sendast inn frå i av ) slik at det ikkje har noko effekt å utsette rapporteringa. Minner om krava i tildelingsdokument og i forvaltingsplana.
Styret i Midtre Naustdal Storvald vil halde styremøte der vi ser på korleis framdrifta er i jakta for det enkelte jaktfelt, samt vurdere om det skal tildelast ekstra løyver til dei jaktfelta som har oppnådd 100 % avskyting, og som ser det som rett å auke den lokale avskytinga. Styret vil vurdere dette basert på ei målsetting om å prøve å nå den samla målsettinga med avskyting innan heile området som er dekka av storvaldet. Dersom det er jaktfelt som ser slike behov kan dette meldast til styreleiar snarast.
Styret
