Årets Viltseminar 2024

Årets Viltseminar vert på Scandic Flesland Airport Hotell ved Bergen 08. – 09. mars.

Norsk hjortesenter vil med dette invitere til årets viltseminar. Seminaret byrjar med lunsj fredag 08. og vert avslutta med lunsj laurdag 09.mars.

Viltseminaret 2024 vert arrangert på Scandic Flesland hotel i Bergen. Målgruppa er kommunale viltforvaltarar, jegerar og næringsaktørar med fokus på hjorteviltet som ressurs. Norsk Hjortesenter arrangerer seminaret i samarbeid med Norges Bondelag i Vestland, og NJFF i Sogn og Fjordane og Hordaland. Seminaret tek til med lunsj på fredag og vert avslutta med lunsj på laurdag. Programmet er delt i bolkar slik at ein skal kunne ha godt fagleg utbyte sjølv om ein ikkje deltek begge dagar .

Alle innleiarar er ikkje på plass enno, men vi kan likevel love eit innhaldsrikt og spanande program i høve aktuelle emne.

Meir info om program og link til påmelding finn de her.