AVKLARING OM «SETTOGSKUTT.NO»
Som omtala tidlegare og stadfesta i tildelingsbrev, skal det5 gjerast rapportering gjennom «Settogskutt.no».
Leiar i det enkelte jaktfelt er ansvarleg for at dette skjer og at fristen 15. januar for fullført registrering blir etterlevd for det jaktfelt ein er leiar for. Innan fristen 15. januar skal alle jaktfelt registrere fase 3 med «fullført jakt».
NB: Om det er jaktfelt om ikkje har jakta ( det kan sjå slik ut nett no), så er dei likevel pliktige til å «avsutte jaktsesong» ( fase 3. i rapporteringa) inne i settogskutt.no. Det er såleis eit krav at alle jaktfelt må aktivt godkjenne at «jaktsesong er avslutta».
NB: Det er eit krav at vekter for alle skutte dyr skal registrerast i fase 2 , sjølv om datasystemet tillet at ein hoppar over dette. Våre lokale krav er full registrering.
Styret i storvaldet vil koordinere mot kommunen slik at vi «stenger registrering» rimeleg fort etter fristen slik at overføring til statestikksystemet for jakt blir oppdater. Det er derfor viktig å etterleve desse krav til fristar.
Styret
