Konstituerande styremøte 10. mai 2017
Nytt styre i Midtre Naustdal Storvald har gjort slik konstituering i sitt møte den 10. mai 2017;
Jan Hove- leiar
Ken Egil Hove- ansvarleg for økonomi/bank/rekneskap
Jan Støfring- ansvarleg for sekretertenester og informasjon gjennom heimesida.
PÅMINNING:
DEI JAKTFELT SOM IKKJE HAR ORDNA INNBETALING AV FELLINGSAVGIFT FOR 2016 MÅ SYTE FOR DETTE SNARAST.
FRIST FOR SLIK INNBETALING ER SETT TIL 20. MAI 2017.
Styret har gjort oversending til kommunen der ein ber om godkjenning av ny forvaltningsplan for Midtre Naustdal Storvald for perioden 2017- 2018- 2019.
Når godkjenning ligg føre vil styret legge ut informasjon til alle om dei tildelingar som er gjort for det enkelte jaktfelt med oppgjevne tal løyver av dei ulike kategoriar.
Styret ser på om det er behov for å ha ekstra fokus på skadeutsett innmark som må takast med i vurderinga. Dersom det er jaktfelt som meiner det er uvanleg stort skadetrykk på områder er det av interesse for styret å få informasjon om dette. Send då ei melding til leiaren via epost ( finn dette under kontakter)
Generelt:
Stryret har som målsetting å auke informasjonsmenga som blir lagt ut på denne sida.
Tanken er at det ut over reint organisatorisk informasjon til jaktfelt og grunneigarar skal infomerast slik at også «vanlege jegrar» som er aktive innafor storvaldet skal kunne finne nyttig informasjon.
PS: Styret minner om innsending av data frå «vårteljinga» så snart siste data er innsamla.
Helsing
Styret
