Årsmøtereferat mars 2011

Årsmøtereferat Midtre Naustdal Storvald den 30. mars kl 20.00 i kommunestyresalen i Naustdal.

Det møtte 15 personar frå jaktfelta,

Val av ordstyrar; Øyvin Mortensbakke
Val av referent; Olav Erdal
Innkalling; Godkjent
Årsmelding  for laget presentert av leiar  og godkjent med  merknad om punktleg levering av jaktrapport. Levert styret 5 dagar etter jaktslutt.
Relneskap; ddbjørn Schei.  Rekneskapen framlagt og godkjend
Vedteke forslag om å dekke utgifter in til samla kroner 2000,- for aktivitet i styret.
Val v/ Jan Hove.  Gjenval av sitjande styre utan motkandidatar. Oddbjørn Schei var på val og vart derfor gjenvald for to år. Leiar, Øyvin Mortensbakke gjenvald- oppnemningstid eitt år. Jan Støfring ikkje på val i år.
Valnemnd; Halvard Leikanger og Arvid Andal.
Bestandsplan for perioden 2011-2013 lagt fram  som sakt til godkjenning av styret. Alf Erik Røyrvik orienterte om plana i detalj. Ordninga med skrapdyr blir vidareført med ein samla pott på 15 dyr i perioden. Vektgrenser som tidlegare.
Plana godkjent som den ligg føre. Styret vil sende ut detaljert fellingstabell i løpet av juni månad  for jakta 2011.

Det vart vidare orientert om vårteljing av dyr  på datoane 3. april, 1. mai og 22. mai. Tidspunkt 22-24. Rapportar skal leverast innan 25. mai.

Referatet er underteikna av :

Jan Hove og Jan Sunnarvik