Årsmøterefrat 2007

Referat: Årsmøte i Midtre Naustdal Storvald 2007

Dato: 21.03.2007    kl2000

Stad: Kommunestyresalen i Naustdal

Opning:

Leiar i storvaldert Steinar Andal opna møtet med namneopprop og godkjenning av innkalling og sakliste. Det var ingen merknader til nokon av delane.

Det var i alt 18 frammøtte.

Val av referent: Viggo Leikanger

Val av to personar til å lese igjennom protokollen og underskrive denne før utsending: Vidar Slettehaug og Kåre Russenes.

Saker:

Orientering om merkeprosjektet:

Finn Olav Myren i frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag orienterte om dette.  Orientering om trekkrutene/vandringsrutene i indre Sunnfjord, Jølster Førde, Florø/Naustdal, Gaular/Balestrand, Fjaler/Høyanger, Askvoll/Ytre Naustdal/Flora. Mange dyr vandrar store avstandar fram og tilbake med nøyaktig same trekkrute.  Gjennomsnittleg vårtrekk for hjorten er 9,6km. Trekker i slutten av april 26. Hausttrekket er 10,4km og startar ca11okt. Hausttrekket er lengre fordi dyra er høgare til fjells om hausten. 64% av hjorten er trekkdyr. Dei andre er meir stasjonære.

Dyra er merka med gul klave rundt halsen og gult øyremerke. Desse dyra skal ikkje skytast med mindre ein får beskjed om noko anna.

Sjå elles www.gps.hjort.sf.no og www.hjorteviltregisteret.no

Orientering av Jan Støfring om heimesida og skjemaveldet

Støfring orienterte om dette.

Årsmelding for laget 2006

Steinar Andal las opp Årsmeldinga for 2006. Styret har hatt 4 møte og nokre telefonmøte.

Styret har bestemt følgjande fristar: Jaktrapport og innbetaling.

Fellingsprosenten vart på 60,4%, styret gav uttrykk for at dei tykte prosenten er for låg.

Det vart utdelt kun eitt ”skrapdyr”-løyve.

Rekneskap 2006

Jan Hove gjorde greie for rekneskapen for storvaldet.

Vedtakssak: Innføring av ekstra avgift ved for sein betaling.

Steinar Andal orienterte. Forslag:  Å legge inn eit gebyr på kroner 200,- per veke jaktfeltet somlar med rapporteringa og/eller innbetaling av fellingsavgift etter sette fristar. Dette for å få fortgang i dette rett etter at jakta er slutt. Vedtaket vart einstemmig vedteke.

Drøftingssak/fullmaktssak: Om styret skal få fullmakt til å drøfte felles innbetaling av ”hundeskatt” samla for storvaldet.

Saka  vart drøfta om det skulle forhandlast med Ettersøksringen om å få ein enklare ordning for innbetaling av ”hundeskatt”.  Ei evt omlegging av betalinga til å betale for antal felte dyr men ein litt større sum.

Vedtak:

Det er stemning for at ingen ynskjer å påverke til negativ rekruttering av ettersøkshundar og at sum per løyve difor naturleg nok blir høgare enn den ordninga som er i dag.

Styret får elles fullmakt til å forhandle vidare med ettersøksringen om ei rimeleg løysing.

Drøftingssak: Stammeforvaltning, kvotestorleik, kvotefordeling etc.

Styret ynskjer ei fullmakt til å gå saman med dei andre storvalda i kommunen om å samordne forvaltningsplanane i valda, for å få ein felles politikk for hjort i heile kommunen.

Årsmøtet slutta seg til dette.

Samrøystes vedtak for Midtre Naustdal storvald:

Dei store bukkane bør fredast med tanke på bestandsutviklinga. Alle bør prøve å vidareformidle dette ut i jaktfelta

Elles vart det diskutert fellingskvotene og strategi for neste 3-års periode frå 2008. Den låge fellingsprosenten dei siste åra kan vere eit teikn på at bestandstalet er på veg ned eventuellt har stagnert.

Det vart føreslege å allereie for i år (2007-jakta) å redusere total kvote frå totalt 134 dyr ned til 100 dyr for storvaldet. Dette vart vedteke med 6 mot 5 stemmer.

Val:

Oddbjørn Skei frå valnemda la fram følgjande forslag til nytt styre:

Leiar:                           Steinar Andal  -attval

Styremedlem:               Jan Hove – attval for 2år

Styremedlem:               Jan Støfring – Ikkje på val i år.

Varamedlemmer:

Olaus Jonstad – attval

Hallvard Einevoll – attval

Ny valnemd:

Viggo Leikanger og Olav Ærdal.

Alle dei føreslegne vart samrøystes valde ved akklamasjon…

Møtet slutt kl 2315

Ref Viggo Leikanger

Kåre Russenes sign.                                                                          Vidar Slettehaug sign.